Best på gris og sau
04.06.2012
Landsjuryen i Husdyrtreff har kåra elevar ved Tomb til Noregs beste elevar innanfor dyreslaga ”gris” og ”sau” skuleåret 2011/2012!
Bilete:
Ole-Kristian Bruserud, Ingvild Topstad Borge, Per Håvar Moe Nevland, (husdyrlektor) Ekke Tapani Lehtisyrjä , Hege Kathrin Hjerpbakk (praksislærer grisehus), Elise Røisgård Kirkevold, og Anne-Helene Sommerstad.
Husdyrtreff er ei landsomfattande konkurranse i husdyrkunnskap blant agronomelevar. Sidan 2007 har Tomb vunne to av tre fyrsteplassar i denne konkurransen kvart einaste år. I år vart Tomb best på sau og gris, og vart nest best i klassa storfe. Me tok óg 2. plassen på sau.
Inntil dei par siste åra har det vore 30-35 skular med i konkurransen, men på grunn av av det såkalla ”Kunnskapsløftet” har antal skuler i konkurransen gått gradvis nedover. Ein av grunnane er at undervisning i papegøyeoppdrett og hund i læreplanen er likestilt med gris og storfe.
Vinnarelevane vil i få overrekt flotte premier på avslutningsfesten laurdag 16. juni av representanter frå Norsvin og Nortura.
For meir informasjon: www.nortura.noel www.norsvin.no
Bilete:
Vinner sau. Frå venstre Per Håvar Moe Nevland (husdyrlektor), Svein Olstad (instruktør storfe/sau), Ole Arnfinn Røysland, Bjarte Vadla og Asbjørn Røyneberg (fjøsmester).
Foto: Stein Grimsrud og Tormod Gaustad
Tekst: P H Moe Nevland


